Søk

Meny

Du er her:

Eid kommune

Velferdsteknologi og automasjon – Eid omsorgssenter

Eid kommune har vedteke bygging av eit nytt framtidsretta omsorgssenter. Nye Eid omsorgssenter kan når det står ferdig i 2016 vere eit av landets første omsorgssenter som tar i bruk spesiell utvikla elektroniske overvakings- og tryggleikssystem.
11.04.2014

Eid kommune ønskjer seg framtidsretta løysingar, og har derfor inngått eit samarbeid med NHO/KS Nasjonalt program for leverandørutvikling og det regionale programmet i Sogn og Fjordane. Programmet sin visjon er å utnytte offentlege innkjøp på ein meir aktiv måte som stimulerer til konkurranse, næringsutvikling og innovasjon, for slik å legge til rette for meir behovsretta produkt og tenester til betre vilkår for offentlege kundar. Les meir på www.leverandorutvikling.no

Gjennom dette samarbeidet ønskjer Eid kommune å opprette ein dialog med marknaden tidlig i prosessen for på den eine sida å få gode innspel til arbeidet med å utvikle ein funksjonell kravspesifikasjon, og på den andre sida stimulere leverandørbedriftene til utvikling og innovasjon.


Pilotprosjektet er i første omgang knytt til Eid omsorgssenter, men moglege løysingar må og vere eigna til å bli installert i eksisterande bygg. Dermed opnar det seg ein ny marknad med stort potensiale.

Les hele prosjektet her

Aktiviteter i prosjektet:
07.05.14:
08.05.14:

 

POSTADRESSE
NHO
Postboks 5250 Majorstuen
0303 Oslo

BESØKSADRESSE
Essendrops gate 3
Majorstuen
Se kart